tirsdag 9. juni 2009

Vi mà gi vàre döttre nye ideal

Kouame Edith Akissi er 42 àr, har snart fullfört doktorgrad i fransk, og kjem frà vest Afrika.Ho underviser jenter i "secondary school" og arbeider i fagforeininga i Abidjan.Ho ynskjer à vere "the voice of african woman", men ho meiner det gàr for seint."Vi mà stà sammen og snakke sammen for à endre strategiane skal vi vinne fram. I mitt land har vi program som skal heve utdanningsnivàet, men det hjelper sà lite ,nàr holdningane og kulturen i landet er at unge jenter skal gifte seg tidleg og vere heime, vere stille og ikkje ta initiativ."Vi mà kjempe fram meir respekt, seier Kouame.-The sollution is in our heads-kvar dag i mitt liv er ein mulegheit til à hjelpe grupper av kvinner i mitt land. Nökkelen til à löyse problema for kvinner ligg i decent work, fordi decent work inneheld sosial dialog. Sosial dialog om alle problem,alle reglar,alle lover.
-Eg ynskjer ä läre mine döttre prinsippa om uavhengigheit. Läre dei refleksjon kring eige liv, berre slik kan dei bli uavhengige og realisere visjonen vàr om eit friare Afrika for kvinner. Vi mà fà kvinner meir med i styre og besluttande organ. Vi fàr stadig höyre at vi ikkje kan kvotere inn kvinner,kvifor ikkje? Uansett skal vi nà fram mà vi starte tidleg. Vi mà gi vàre döttre nye ideal, berre slik kan vi endre framtida

mandag 8. juni 2009

Sveits, landet med kontrastane

Sveits er eit land med utrulege kontrastar. Alle hjelpeorganisasjonane som arbeider her, ILO med alle kjernekonvensjonane og FN bygningen. Bankar på kvart hjørne, ikkje ein uteliggar eller omtrent ikkje ein tiggar å sjå, har møtt ein i løpet av ei veke, og han fekk fem franc, ikkje meir enn ca 30,kroner,men kanskje hjalp det litt.. I tillegg er her ingen røykelov, bortsett fra i dei internasjonale byningane, ILO etc. Og denne veka er her samla tusenvis frå alle verdsdelar for å løyse all verdas problem innan helse, velferd og arbeidsliv, medan vi veit..at prostitusjon er legalisert frå 16-år- Parkane er fulle av vakre statuar med menneske som har arbeidd for menneskeheita, og til og med på toget frå Basel til Geneve er det malt inn gode visdomsord på veggane. Geneve er eit mekka for kunstinteresserte, og menneske som er interessert i menneskerettar og ynskjer å treffe likesinna for a kunne endre utviklinga i ei betre retning

lørdag 6. juni 2009

Intervju med Toni Moore

I dag har eg og Cyrene, fra det svenske lærarforbundet hatt eit intervju med Toni Moore frå Barbados(executive assistent to Leroy Trotman,chair og the workers group in the Governing body i ILO.Sir Leroy is the general secretary of Barbados Workers Union)

-Kor stor er fagforeiningsprosenten paa Barbados?Mitt forbund er på 25000 medlemmar,12% oppslutning. Paa Barbados organiserer ein seg først når ein får eit problem. Mange ser at dei uorganiserte får same vilkår og ventar difor med å organisere seg.

ILO?
Vi må bli flinkare til å kontrollere at ILO konvensjonane blir realisert og ikkje berre blir noko ein pratar om.-You have to put the conventions into action. Difor treng vi ei betre overvakning frå ILO og fagforeiningane verda over.Problemet med ILO er at oppdraget som td chairperson er på livstid. Slik er det med dei attraktive postane. Dette er Mr Trotman, min leiar, bevisst på. Han vil ha med seg kvinner på opplæring , for å få fram nye idear ,fremje likestilling og få fram personar som kan sjå på faglige rettar med nye auge.Skal vi få meir fokus på likestilling må vi vere gode eksempel innan fagforeiningane og våge å tenke nytt.-We need to practice what we preech

Kva meiner du om at Sveits som har ILO sitt hovudkontor har legalisert prostitusjon frå 16 år? -Det stemmer ikkje med ILO sine tankar, heller ikkje med menneskerettane, når vi tillet grov utnytting av, menneske. For ikkje å snakke om spreiinga av HIV/ AIDS,og korleis det påverkar livet til familiane til dei unge som prostituerer seg

Ellers var Toni Moore i mot kvotering av kvinner. Mange innan"Gender" vil ha kvotering, men eg vil at kvinner skal komme inn i arbeidslivet takka vere sine kunnskaper og si utdanning .Men det tar tid, så eg forstår motargumentet

onsdag 3. juni 2009

Utdanning som motkraft til barnearbeid

Etter at ILO konferansen 2009 starta i dag, med demonstrasjonar i høve fengsling i Iran og tamilske demonstrasjonar utanfor, har vi i dag fått høyre to særs gode foredrag med barnearbeid i sentrum. Magnus Berge som arbeider i ACTRAV i ILO bygget og Lars Johansen,IPEC snakka begge om kor viktig utdanning er for å motarbeide barnearbeid .Gjennom trepartssamarbeidet der regjering, arbeidstakarorganisasjonar og arbeidsgivarsgivarorg samarbeider, har ILO ein unik moglegheit til aa inngaa forpliktande avtalar,for aa gje born ei betre framtid rundt om i verda. Kvart sjette barn i verda er involvert i barnearbeid.218 mill barn er involvert i risikofyllt, farleg arbeid som innbefattar alt fraa livsfarleg gruvearbeid til sexindustri

mandag 1. juni 2009

1.juni-09

Særdeles lærerik dag i Geneve. Informasjon i ILO bygningen av fleire som arbeider for ILO her. Vi får masse informasjon som grunnlag for gruppeoppgåvene som vi skal arbeide med i tida vi er her. Konferansen startar onsdag, og då blir det over 4000 menneske ved opninga..
Har fatta mest interesse for "Likestilling i sentrum for anstendig arbeid", eller decent work terminologien dei bruker her. Gruppa vår avgjer i morgon hovudproblemstilling, så sidan vi er fem kan det bli et anna tema ut i frå det vi har diskutert til no om EPZ, økonomiske frisoner kontra decent work. På gruppa vår er vi tre norske, meg, Jorge og Gisle, Jarkko som er finsk, Søren som er dansk og Cyrene som er frå det svenske lærarforbundet