lørdag 6. juni 2009

Intervju med Toni Moore

I dag har eg og Cyrene, fra det svenske lærarforbundet hatt eit intervju med Toni Moore frå Barbados(executive assistent to Leroy Trotman,chair og the workers group in the Governing body i ILO.Sir Leroy is the general secretary of Barbados Workers Union)

-Kor stor er fagforeiningsprosenten paa Barbados?Mitt forbund er på 25000 medlemmar,12% oppslutning. Paa Barbados organiserer ein seg først når ein får eit problem. Mange ser at dei uorganiserte får same vilkår og ventar difor med å organisere seg.

ILO?
Vi må bli flinkare til å kontrollere at ILO konvensjonane blir realisert og ikkje berre blir noko ein pratar om.-You have to put the conventions into action. Difor treng vi ei betre overvakning frå ILO og fagforeiningane verda over.Problemet med ILO er at oppdraget som td chairperson er på livstid. Slik er det med dei attraktive postane. Dette er Mr Trotman, min leiar, bevisst på. Han vil ha med seg kvinner på opplæring , for å få fram nye idear ,fremje likestilling og få fram personar som kan sjå på faglige rettar med nye auge.Skal vi få meir fokus på likestilling må vi vere gode eksempel innan fagforeiningane og våge å tenke nytt.-We need to practice what we preech

Kva meiner du om at Sveits som har ILO sitt hovudkontor har legalisert prostitusjon frå 16 år? -Det stemmer ikkje med ILO sine tankar, heller ikkje med menneskerettane, når vi tillet grov utnytting av, menneske. For ikkje å snakke om spreiinga av HIV/ AIDS,og korleis det påverkar livet til familiane til dei unge som prostituerer seg

Ellers var Toni Moore i mot kvotering av kvinner. Mange innan"Gender" vil ha kvotering, men eg vil at kvinner skal komme inn i arbeidslivet takka vere sine kunnskaper og si utdanning .Men det tar tid, så eg forstår motargumentet