mandag 8. juni 2009

Sveits, landet med kontrastane

Sveits er eit land med utrulege kontrastar. Alle hjelpeorganisasjonane som arbeider her, ILO med alle kjernekonvensjonane og FN bygningen. Bankar på kvart hjørne, ikkje ein uteliggar eller omtrent ikkje ein tiggar å sjå, har møtt ein i løpet av ei veke, og han fekk fem franc, ikkje meir enn ca 30,kroner,men kanskje hjalp det litt.. I tillegg er her ingen røykelov, bortsett fra i dei internasjonale byningane, ILO etc. Og denne veka er her samla tusenvis frå alle verdsdelar for å løyse all verdas problem innan helse, velferd og arbeidsliv, medan vi veit..at prostitusjon er legalisert frå 16-år- Parkane er fulle av vakre statuar med menneske som har arbeidd for menneskeheita, og til og med på toget frå Basel til Geneve er det malt inn gode visdomsord på veggane. Geneve er eit mekka for kunstinteresserte, og menneske som er interessert i menneskerettar og ynskjer å treffe likesinna for a kunne endre utviklinga i ei betre retning