lørdag 6. juni 2009

Intervju med Toni Moore

I dag har eg og Cyrene, fra det svenske lærarforbundet hatt eit intervju med Toni Moore frå Barbados(executive assistent to Leroy Trotman,chair og the workers group in the Governing body i ILO.Sir Leroy is the general secretary of Barbados Workers Union)

-Kor stor er fagforeiningsprosenten paa Barbados?Mitt forbund er på 25000 medlemmar,12% oppslutning. Paa Barbados organiserer ein seg først når ein får eit problem. Mange ser at dei uorganiserte får same vilkår og ventar difor med å organisere seg.

ILO?
Vi må bli flinkare til å kontrollere at ILO konvensjonane blir realisert og ikkje berre blir noko ein pratar om.-You have to put the conventions into action. Difor treng vi ei betre overvakning frå ILO og fagforeiningane verda over.Problemet med ILO er at oppdraget som td chairperson er på livstid. Slik er det med dei attraktive postane. Dette er Mr Trotman, min leiar, bevisst på. Han vil ha med seg kvinner på opplæring , for å få fram nye idear ,fremje likestilling og få fram personar som kan sjå på faglige rettar med nye auge.Skal vi få meir fokus på likestilling må vi vere gode eksempel innan fagforeiningane og våge å tenke nytt.-We need to practice what we preech

Kva meiner du om at Sveits som har ILO sitt hovudkontor har legalisert prostitusjon frå 16 år? -Det stemmer ikkje med ILO sine tankar, heller ikkje med menneskerettane, når vi tillet grov utnytting av, menneske. For ikkje å snakke om spreiinga av HIV/ AIDS,og korleis det påverkar livet til familiane til dei unge som prostituerer seg

Ellers var Toni Moore i mot kvotering av kvinner. Mange innan"Gender" vil ha kvotering, men eg vil at kvinner skal komme inn i arbeidslivet takka vere sine kunnskaper og si utdanning .Men det tar tid, så eg forstår motargumentet

5 kommentarer:

  1. Han hadde mange gode moment, og gjerne ett litt anna syn som alltid er deilig. :) Godt motargument til kvotering av kvinner i arbeidslivet.

    Håpar du kosar deg no, Siv! :)

    SvarSlett
  2. You go Mamma! ;)

    SvarSlett
  3. Jarle frå fylkesstyret8. juni 2009 kl. 10:45

    Hei Siv. her ligg det jammen an til ein diskusjon om kvotering av kvinner! Maiken tykkjer denne typen frå Barbados har eit godt argument mot kvotering av kvinner i arbeidslivet. Eg er ikkje sikker på kva du Siv ønskjer, men eg trur vi er komne så pass kort i likestillingsarbeid (spesielt i høve til ein del formelle posisjonar i arbeidlivet), at det nok er nødvendig med kvotering. Det er nok ikkje slik at kvinner får dei posisjonane dei skal ha etter kunnskap og utdanning. Det syter menn for, gjerne gjennom sine nettverk "gutteklubben grei". Utdanningsforbundet si kvotering kan vi gjerne diskutere. Antal kvinnemedlemmer er jo så overlegent at demokratiet kunne svise menn ut av alle styre og tillitsverv. No oppfattar eg ikkje demokratiet i Utdanningsforbundet til å vere arena for kjønnskamp så kanskje ei moderat kvotering, med min. 40 % til kvart kjønn, kunne vere noko å drøfte. Det vil sikre oss menn ein garanti, i alle fall.

    SvarSlett
  4. Hmm- ser at Frp sitt tankegods om å fjerne kvotering av kvinner har fotfeste også på Barbados! Det er snart val i heimlandet...

    SvarSlett
  5. Hei Siv!
    Så mykje kjekt du får vere med på! Heldiggris!
    Fylgjer med på det du skriv, og skjønar at du har det heilt flott.
    Fjerne kvotering av kvinner...., så langt har vi ikkje komme endå nei!!
    Ha det bra så lenge!

    Helsing Sylvi

    SvarSlett