søndag 3. mai 2009

Forkurs i Stockholm






















Den 26. mars møttes Geneveskoledeltakarane-2009 for fyrste gong på Runø kursgard utanfor Stockholm. Dette er ein kursgard som blir mykje nytta av den svenske arbeiderrørsla, og den har ein filosofi om at kunsten skal ut til folket. Alle rom er nydeleg utsmykka, og maten...deilig;-)Vi fekk informasjon om ILO konferansen 2009 av nyinnsett rektor ved Geneveskolen, Per Arthur Danielsen og lærar Marianna Traustadottir. Vi fekk høyre interessante foredrag om ILO, kjernekonvensjonane og det internasjonale ILO arbeidet,om fagforeiningane, globaliseringa og finanskrisa og vi fordelte oss i arbeidsgrupper på tvers av dei nordiske landa. Tidlegare skule, kultur og utdanningsminister Bengt Gøransson hadde og ei spanande forelesning med tittelen"Nordisk folkbildning i demokratiperspektiv"

3 kommentarer:

  1. Vedda på det var smekka fult av gode diskusjona og meininga. :) Sveits blir sikkert fantastisk.

    --Maiken

    SvarSlett
  2. Ønskjer deg eit innhaldsrikt og spennande opphald i Genève. Det blir heilt sikkert lærerikt og utviklande. Du får trø til med skulefransken- no ne trompons pas!

    SvarSlett